11/10/2024-20/10/2024 – Gro Gjengedal -“against life”

Salongen visningsrom ønsker velkommen utstilling med åpning fredag 11/10 fra kl 18.00 til 20.00.

Gro Gjengedal

Gro Gjengedal (f.1981) har bachelor i tekstil og master kunst frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KMD). For 20 år sidan tok ho til ved Kunstskolen i Stavanger. Gjengedal har blant anna stilt ut på Galleri Salhus utanfor Bergen, på nasjonalmuseet i Santo Domingo, Den dominikanske republikk og i Årsutstillingen 2023 på Nasjonalmuseet i Oslo. //

//”against life”// består av tekstilarbeid med utgangspunkt i kroppen som kommunikasjonsform og formidling av mentale problemstillingar. Med bruk av naturmaterial forskar Gjengedal på korleis å kommentere tema relatert til individet si oppleving og interaksjon med normer og reglar i samfunnet. Prosjektet formidlar personlege erfaringar om gløymte minne og traumebehandling. Arbeida står i ein balanse mellom det reine og det ureine, ei subtil samhandling mellom blod og andre materiale, mellom kropp og omverda. Naturmateriala ull, lin, jern og blod er utgangspunkt for arbeid utført i korsstingsbroderi og vev, som skulptur og installasjon. Arbeida står i ein balanse mellom det reine og det ureine, ei subtil samhandling mellom blod og andre materiale, mellom kropp og omverda. Naturmateriala ull, lin, jern og blod er utgangspunkt for arbeid utført i korsstingsbroderi og vev, som skulptur og installasjon.

Åpningstider

Lørdag og Søndag: kl. 12.-16.

Utstillingen står fram til 20.10.2024

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *